søndag 25. september 2011

Stolpute

Eg har hekla ferdig den japanske stolputa no i helga. Den slukte godt med garn, og eg måtte handle meir undervegs…

002

F.eks meir kvit til midten av blomstrane. Her er eg klar til å få ferdig siste runde.

004

I mønsteret er det 3 runder med bomster. Eg ville ha ei litt større pute og satsa på 4 runder.

006

Ferdig med blomstrane! Dette blir ei skikkeleg haustpute med fine haustfargar. Dessverre gjekk eg tomt for brunraud undervegs.

008

Slik ei nydeleg blomstereng… skulle hatt dei i stort format… som ei hoppepute…

012

Her ser de litt av teknikken bak blomstrane. Dei er doble, og bortsett frå midten er dei like på fram- og baksida.

014

015

Og slik blei puta til slutt, med grøn kant. (Brukte 50 gr garn berre til den kanten…)

017

Puta var stor nok tenkte eg – heilt eg prøvde ho på den påtenkte stolen… Den stolen har visst ekstra stort sete… Så det kan hende at puta får ei runde til med blomstrar – etterkvart. Eller så kan eg legge ho på ein annan stol.

018

Nokre detaljar: Eg har brukt PT3, vamsegarn (frå Rauma) og Iglo soft (frå Europris). 6 mm heklekrok. Puta måler 44 cm frå spiss til spiss og veg 450 gram!

Og eg melder på denne puta i Celebrate Color – ei blogghending som feirar fargar og haust.

Celebrate Color

----------------------------------

My chair cushion is done – for now. As you can see on the photo above the cushion looks a bit small on the chair I intended it for… Even if I made it larger than the pattern.

I made 4 rounds of flowers and had to buy more yarn in the process… I still ran out of one colour. I have never made flowers this way before. They’re double and really squishy. I would love to have a carpet of these – but that would just be crazy to make. – Or would it…

This little cushion weighs 450 grams… I’ve used bulky/aran weight yarn and a 6 mm crochet hook. It measures 44 cm across.

I’m entering this cushion in Celebrate Color. Go over there and look at all the colourful projects!

onsdag 21. september 2011

Kul-tur, kultur…

Eg har vore ute på vift i helga. Innimellom to netter på nattbuss vart det 2 dagar i Oslo. Ein smule slitsomt, men kva gjer ein ikkje for ei fin oppleving.

006

Operaen var målet.

007

3. balkong viste seg å vere ganske høgt oppe…

009

014

Og sceneteppet er berre tøft…

013

Jammen bra med eigen liten tekstskjerm – tysken min er ikkje heilt stødig.

016

Mange arier seinare…

022b

Og alle var einige om at det var ein fin kveld!

-------------------

I’ve been to the Opera in Oslo. My first time in the new building. We were lucky to get tickets. Quite high up as you can see… (3rd balcony).

Fargar

Ikkje berre dumt dette skiftande veret…

005

Denne flotte regnboga strålte mot meg ein dag i forrige veke. Køyrande heim frå jobb, måtte eg berre svinge inn på ei busslomme og finne fram fotoapparatet. 

003b

I met this lovely rainbow driving home from work last week. I just had to get out my camera…

mandag 12. september 2011

Japansk

Det er stund sidan eg oppdaga dei nydelege japanske handarbeidsbøkene. Og då eg også litt seinare fann ut kvar dei kunne kjøpast, var det gjort…

Eg prøvar framleis på å få litt orden på hobbyrommet mitt, og under utpakking av ei kasse her ein dag, fann eg denne boka (som eg hadde gløymt at eg hadde…)

Eg kan dessverre ikkje fortelle kva boka heiter…

023

Men bilda er fine, og mønsterdiagramma kan lesast. Men det krevst litt tolking og hekleforståing også…

024

Visste de at gryteklutmønster kan heklast i tjukt garn og bli fine stolputer?

025

Dette blomstermønsteret bestemte eg meg for å prøve.

032

I haustfargar. Blomstrane er doble, så her har vi eit prosjekt som sluker ull…

Og her er mange andre fine mønster også, berre sjå…

026

027

028

029

030

While organising in my craft room I discovered this Japanese crochet book. I had completely forgotten I had this. SO many nice patterns and projects. Did you know that pot holder patterns can be nice chair pillows?

I can’t tell you the name of the book, unfortunately. I don’t speak Japanese, but good for me- the patterns are written in diagrams.

søndag 11. september 2011

Smårammer

Eg har så smått byrja å få ting opp på veggane. “Kunstsamlinga” ligg rett nok endå og ventar, for eg har ikkje fått ramma inn alle trykka mine enno.

Men desse smårammene har eg hengt opp. Dei er ikkje større enn 13 cm og er aldeles hekla og heimelaga.

003

Utgangspunktet er billege plastarmband frå Cubus. Først er det hekla ei runde med fastmasker rundt ringen. Så tett at det vert fint og talet på masker må vere deleleg med 6. Neste runde heklast ein stav i kvar fastmaske.

005

Siste runde heklast det tunger: Hopp over 2 m, 7 st i neste m, hopp over 2m, 1 fm – fortsett slik rundt heile. Ta da! No skal du ha ei søt lita ramme.

I rammene mine har eg gammal clip art frå The Graphics Fairy. Dei er berre festa på baksida og kan skiftast ut.

004

Eg hang dei litt tilfeldig opp på veggen, men det spørs om ikkje dette blei for usystematisk for meg… Og eg har fleire armband igjen, så det kjem kanskje rammer i nokre fargar til…

Idéen og oppskrifta på engelsk fann eg her hos Lola Nova.

001

I’m starting to get things up on my wall. I’m not at all minimalistic so I’m sure my walls will be covered in the end…

The first to go up in my living room was these little frames. I found the idea and a tutorial over at Lola Nova. I may want a more symmetric display of these later. I went for not-so-symmetric approach this time… Not sure I like it. But I love the frames! And i’ll make some more in other colours.

In the frames are vintage clip art from The Graphics Fairy.

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails