torsdag 18. november 2010

Ein skjenk her og eit skap der…

Stova mi er så godt som ferdig. Manglar berre peisovn og maling på brannmur/pipe.

Så eg har byrja å smale i hop møblar. Litt hadde eg frå før, litt har eg fått her og der.

Og litt skal eg ha nytt. Sofa og vitrineskap f. eks.

Har plassert saken litt utover i stova, men har på ingen måte bestemt for korleis eg vil ha det. Har jo så god plass… Berre stova er no større enn heile leiligheita eg hadde i Kristiansand…

DSCF4180

Stol frå bruktbutikken og skap frå ei eldre dame som skulle flytte og tømme huset sitt. Det må stå med åpne dører ei stund – luktar voldsomt gammel kjellar inni… får vel stappe det fullt av lavendelposar kanskje Smilefjes

DSCF4184

Skjenk frå samme dame. (Utsikt til kjøkkenet i bakgrunnen – berre kaos der inne…)

DSCF4183

Grøn stol, lampe og bord frå bruktbutikken. Den andre stolen er frå foreldrehuset. Og så min lille søte not-flatscreen-TV. (Endå rusk og rot i vinduskarmen, som de ser.)

Listene er eg ikkje fornøgd med. Kjem nok til å bytte til nokre som er same farge som golvet eller kvite.

Kjøkkeninnredninga vert levert neste veke, skulle gjerne ha malt litt før det.  Men så er det tid for foreldrekonferanser og slikt.

----

Og så skal eg vist til København ein tur neste helg (langhelg)…

Turen blei bestilt i august, før huskjøp og oppussing og alt sånn…

Og no når avreise nærmar seg passar det sjølvsagt ganske dårleg…

Men vi skal nok kose oss der nede, mellomste syster, minstenevø og eg Smilefjes

Så sit de med gode tips når det gjeld København? Plassar vi absolutt bør besøke? Artige og fine butikkar?

Eg tar gjerne imot alle tips. Det er ei stund sidan eg var der sist.

--------

My living room is allmost finished. (Still have lots to do in the kitchen so I haven’t moved in properly yet.)

I’ve started collecting furniture. I mostly have used furniture so far – from the thrift shop, my grandparents, my parents, my sister and an old lady who was moving. I will buy a new sofa when I find one I like. And I might buy myself a new flatscreen TV. The one I have suddenly look very tiny…

fredag 5. november 2010

Litt framgang…

Må vel vise fram litt av det som har blitt gjort borte i huset Smilefjes

Slik såg det ut på stova då gutane hjalp til med å fjerne lister og gardinbrett (tidleg i oktober). Under gardinbrettet var det rett og slett isolering, så det kunne vi ikkje fjerne heilt.

DSCF4066b

Andre enden av stova. Som de ser var brun ein bra farge i 1978…

DSCF4068b

Peisen måtte ut. Bra med hjelp til det også. Vinduet er forresten også vekk no.

DSCF4101

På pipe og brannmur har eg sparkla over juksemuren.

Denne veka fekk eg snekkarhjelp til å få opp panel på veggane. Fint blei det, hadde nok ikkje klart det sjølv inser eg no…

Eg trur eg held meg til maling og sparkling.

DSCF4160

Eg har mala doveggane eg…

Fleire forsøk med turkis maling.

dei har gått frå dette:

DSCF4154

… til dette….

DSCF4156

------------------------

Making some (slow) progress over at my house… This week I’ve been painting some walls…

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails