torsdag 7. oktober 2010

Eg har slett ikkje slutta med å kikke innom bruktbutikkane, men det har ikkje blitt så mykje handling i det siste.

No har eg til og med plass til sakene. Men eg merkar at eg er litt meir selektiv. Eg er snart klar til å pakke ut av kassene mine og føler eg at eg kanskje bør sjekke kva eg eigentleg har før eg skaffar meg meir.

Har ein mistanke om at eg har skrekkeleg mange tallerknar for eksempel…

Men dette fatet synest eg var litt artig (sjølv med eit stygt hakk).

DSCF4082

Denne sure vasedama fann eg på samme plassen. Ho er ikkje heilt fornøgd, men har fått ansvar for heklekrokane mine.

DSCF4089

Og nokre av bruktfunna har blitt offer for spraymalinga mi…

Denne veggpynten var av koparfarga metall og gullfarga svart plastikk – finare med alt oransje i grunnen. (Så sant ein likar oransje, då…)

DSCF4083

Og denne bordskånaren var i støypejarn, med litt rust. Inspirert av ein blogg ein stad spraya eg alt unntatt keramikkflisa.

Bra det også.

DSCF4086

Og no er det på tide at eg får tak i spraymaling i nye fargar. Kanskje grenser for kor mykje oransje ting ein kan ha…

-------------------------------------------

I have not stopped visiting thrift shops. But I’m a bit more selective now. I’m close to moving in to my new home, and finally unpacking all my boxes. So now I feel that it’s time to see what I really have.

I think I may have lots and lots of plates…

Still, if the plate is special it can come home with me. Like this one here. The writing says: Live happily.

And I have sed my orange spray paint on a couple of things…

3 kommentarer:

  1. Oi amada, seu blog é estupendo!!!
    Passei por aqui e fiquei encantada.
    Visite meu cantinho: http://fadinhadaarte.blogspot.com/
    Já estou te seguindo...
    Bjs

    SvarSlett
  2. Synes det er flott med slik gjenbruk,,

    Ha ei fin helg...

    SvarSlett
  3. digger de oransje tinga :D hadde passet perfekt inn her hos oss :D Flott blogg :D

    SvarSlett

Takk for kommentaren, stikk gjerne innom igjen!
Thanks for commenting and welcome back!

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails