fredag 11. desember 2009

10. + 11.

Ooops! Der gjekk det visst eit par dagar igjen. (Det har no vore så travelt med presidentbesøk og alltingen…)

Heldigvis blei det fredag igjen – tenk to ledige dagar ventar. Vel, kanskje ikkje heilt ledige – har faktisk litt planar i desse adventstider.

DSCF1697

Eg bør verkeleg få gjort noko med julegåvelista no, nokre ting skal til og med avgarde med posten… Men strikking tar litt tid, viser det seg stadig vekk… Og i skapet ligg det nokre gram med kverna mandlar som gjerne vil bli til kaker.

Eg kan av naturlige grunnar ikkje vise fram særleg mykje av produksjonen enno. Dessutan rekk eg stort sett ikkje heim innan dagslyset går for tida (men snart snur sola – Yey!!).

Så eg tenkta å ta ein liten musikalsk mimretur ikveld.

Denne singelen fann eg på loppemarknad i Bergen. Hugsar ikkje songen frå originaltida, men har vel hatt litt glede av å nynne på han når han har dukka opp på radio og tv seinare. Sånn reint av mimregrunnar altså…

 DSCF1696

Oohh, det var tider det, med passe permanent og oppføna hår. Og månestøvlar…

Denne gjengen hugsar eg bedre. Og alle var så unge…

Ok – nok mimring. Eg må attende til strikkepinnane:)

Ha ein fin kveld.

-------------

I’m knitting as much as I can these days, but am not making much progress on my present list. I’ll have to visit some shops tomorrow…

And I can’t take photos because it’s presents - and it gets dark before I get home.

So I’ll leave you with a couple of songs tonight (from long ago – those were the days…).

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Takk for kommentaren, stikk gjerne innom igjen!
Thanks for commenting and welcome back!

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails