fredag 27. februar 2009

God fredag

Ekstra god fredagskveld i dag. Vinterferien står for døra.

Blei eg ferdig med Sylvi spør du kanskje? Nei…

2009_02240002

Men dei eg skal besøke i Oslo skal ut i selskap, så då kan eg sitte heime hos dei og montere og strikke ferdig så lenge. Eg skal nok få ho i bruk.

2009_02240011

Og siste lengderapport etter litt damping av ryggen viser at jakka blir lang nok :)

(Og ikkje for lang får vi håpe.)

2009_02240012

Satt og kikka i eit koseleg svensk blad før i veka. Her har de nokre fine bilder frå “Drömhem og trädgård”.

Fin vårstemning med slike fargar.

2009_02240003

2009_02240006

2009_02240007

2009_02240009

Dette var ei annonse for maling, men det var litt kult med turkis piano.2009_02240008

I allmost finished with my Sylvi. Hope to have it all done this weekend.

The last photos are from a swedish magazine: “Drömhem og trädgård”.

Half term next week and I’m going to Oslo.

Have a nice week end.

torsdag 26. februar 2009

Litt moro på ein torsdag

Vi må leike litt av og til, ikkje sant? Så når eg kjem over sider som photofunia må eg berre leite fram bildene mine og prøve meg fram.

De visste kanskje ikkje at eg har ei fortid i Azkaban?

PhotoFunia-2f4ce8

Trur kanskje eg skal overlate forsidene til modellane,eg…

PhotoFunia-2ee72f PhotoFunia-2f35bd

Men hekleriet mitt som puslespel, det var fint.

Kanskje litt vanskeleg å pusle?

 PhotoFunia-6ac51

“Ja, det var slik eg såg ut før eg tok eit par operasjonar”

PhotoFunia-2f32fe

Anna likar seg på galleriet.

PhotoFunia-6f5ba

Playing with my photos. Photofunia

tirsdag 24. februar 2009

Ute av trening

Eg rakk eit par skiturar i helga, berre 2 år sidan sist. Trur ikkje vi kan telle med påsketuren i fjor då vi gjekk oppe i marka ovanfor huset…

ski

ski2

Armmusklane mine er ganske ute av trening kjende eg, kanskje nesten fråverande.  Synd at ikkje strikking bygger musklar av det slaget. For no strikkar eg alt eg får tid til. Hadde tenkt å få ferdig Sylvi til vinterferien neste veke, slik at eg kan sprade rundt i Oslo med den på :) Eg er ferdig med ryggen, ei arm, og nesten begge frontdelane. Kanskje det blir nokre lange kveldar.

snø

Snø- og isskulpturar på Hovden.

is

Her er ein fantastisk video som eg snubla over. Tenk kor mykje arbeid som må ligge bak.

torsdag 19. februar 2009

Gul torsdag

Eg måtte leite litt etter dagens farge. Gult vart verre å finne enn blått.

(Tenkte eg skulle unngå å leite i stofflageret, der finn eg det meste).

Men det dukka opp noko til slutt.

2009_02190011

Nokre få knappar

2009_02190014

Ei av HP-bøkene

2009_02190018

Og så var det kanskje ikkje så dumt å ta oppvasken likevel…

Dei siste tre fargane (oransje, lilla og svart/kvitt) må nok vente til søndag.

Eg reiser til Hovden i morgon, og der vert det litt skiturar. Håpar også å få gjort ein del på Sylvi der.

Ha ei god helg.

---------

Today’s colour is yellow. I found a few yellow things at last…

I’m going skiing this weekend. I’m hoping for some sunshine. Have a nice weekend.

onsdag 18. februar 2009

Fröken Skicklig

[Forest4.JPG]

Fröken Skicklig lagar dei nydelegaste dokker og andre koselege saker.

Denne God morgon/God natt-dokka  likar eg spesielt godt :)

Ho har også ein blogg og akkurat no har ho ein februar-“give-away”.

Snart åpnar ho butikk på Etsy.

Ta ein tur innom.

 

Fröken Skicklig  makes lovely dolls, and she’s having a give-away right now.

Take a look at her blog.

Grøn onsdag

Eg gjekk glipp av dagslyset i dag, så eg tok eit lite dykk ned i bildemappene mine etter grøne motiv. Og eg fann ein del :)

Eg likar grønt, og snart er det vår!

New Campers2

Vårskoa mine, inne og ute.

green on allmost green

etasjefat2

Loppefunn

grønnmugge

ferieøya

Sommardagar på Raudøya. 

utesofa

veske til O

Vesker

apple forrest

Denne kålveska er frå vår-08 nummeret av Marie Claire idées.

marie claire 1

are you done

Strikking og hekling

froggedbutton on knitting

anne #8

snøklokker

umbrellas

Rundtomkring

dør11

b21

Today’s colour is green. I dived into to my folders looking for photos with green motifs. I found a few, from here and there… I like green :)

tirsdag 17. februar 2009

Blå tysdag

Blå er fargen i dag. Og sidan eg veit at eg ikkje har så mykje blå ting heime tok eg ei runde med fotoapparatet på jobb.

2009_02170018

2009_02170035

2009_02170024

2009_02170020

Her heime er det mest turkis og litt lyseblått – bortsett frå dongeribuksene mine. Her ser de ein kjole eg fann på bruktbutikken i går (fann to til også, men dei får eg vise fram seinare) og litt vinduskarmpynt.

2009_02170005

2009_02170044

The colour today is blue. I don’t have many blue things at home (mostly light blue and teal), so I looked around at work. 

The two last photos are from my home. I found the dress at the thrift shop yesterday.

mandag 16. februar 2009

Fargeveke

Eg likar fargar, så då eg såg at Koselig Koselig inviterte til fargeveke måtte eg vere med.

Mandagsfargen er raud, og knipsa litt av det raude som er framme her hos meg.

Først Sylvi, så klart. Sidan sist har eg rett og slett strikka ryggen på nytt. Bestemte meg for å gå opp til pinnar nr 8. Så då får eg håpe ho vert ca stor nok. (Dessverre for deg AB…)

2009_02160010

Eg måtte også knipse eit bilde av denne lille kaffikjelen som eg fann på loppemarknad i Bergen i haust.

2009_02160013

Raudt med kvite prikkar er også fint. Slik som desse oppbevaringsboksene.

2009_02160011

Og knappeøska frå Cath Kidston.

2009_02160012

 

-------- Og så over til noko anna…

Vi har enno vinter her sør, kanskje i ei veke til. Til helga skal eg på tur til Hovden og ha ski på beina for første gong på ei stund…

Ein dag i forrige veke stod denne doningen utanfor skulen.

2009_02110021

I går prøvde eg meg på frihands-quilting. Må nok øve litt meir på å ha kontroll over stoffet og stinga.

2009_02150006

I’m joining Koselig Koselig in her colour week. Monday’s colour is red. I found some red things at home.

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails